Eg er goffa til tre barn, og starta med å lage treleiker etter at eg vart overflødig i oljebransjen.

Strandinga av den såkalla plastkvalen på Sotra, berre nokre hundre meter frå den tidligare arbeidsplassen min, sette meg på ideen med å lage treleiker og interiør av gjenbruksmateriale og rekved, for å kunne bidra til mindre forureining.

Leikene vert laga av tilgjengeleg material og malt med Milk Paint, som er eit heilt naturleg og giftfritt produkt. I tillegg vert dei behandla med ei matsikker olje som gjer at dei også er allergivennlege, og dei vert pakka i ubleika kartong utan bruk av plast.

Eg lagar også mindre interiør og design ting som små bord, hyller, lampar og pynt av rekved eller annan form for gjenbruksmaterial.

Bedriften er no stengt ned, og det vert kun laga ting på hobbybasis. Ting som er laga vil bli seldt på marknader, eller gjennom Instagram/Facebook.

Du kan følgje oss på Instagram, Facebook og YouTube

Goffa
goffa@goffa.no