Goffa - Torvald Bakke's Snekkerbu

Om oss


Eg er goffa til Nikolai og Ulrik, og starta med å lage treleiker etter at eg vart overflødig i oljebransjen.

Strandinga av den såkalla plastkvalen på Sotra, berre nokre hundre meter frå den tidligare arbeidsplassen min, sette meg på ideen med å lage treleiker og interiør av gjenbruksmateriale og rekved, for å kunne bidra til mindre forureining.

Leikene vert laga av tilgjengeleg material og malt med Milk Paint, som er eit heilt naturleg og giftfritt produkt. I tillegg vert dei behandla med ei matsikker olje som gjer at dei også er allergivennlege, og dei vert pakka i ubleika kartong utan bruk av plast.

Produksjonen er basert på kva som er tilgjengeleg av material, og utvalget kan difor variere. Spesialbestellingar og reparasjon av treleiker kan også utførast.

Eg lagar også mindre interiør og design ting som små bord, hyller og lampar, av rekved eller annan form for gjenbruksmaterial.

Dersom du vil ha spesiallaga interiør, kan det gjerast bestelling innanfor ein viss storleik, sidan verkstaden ikkje er av dei største.

Goffa - Torvald Bakke's Snekkerbu

Holmen 3, 5381 Glesvær

goffa@goffa.no